Are Kalvø om parodi, popmusikk og vulgær nynorsk

Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy

Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book of Mormon til norsk, og sjekkar om Are Kalvø har funne meininga med livet på toppen av VG-lista. Alt dette får du høyre om i den nyaste episoden av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.