Christian Ruud Kallum om Mattis, Moss og vegen til scenen
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert observatør til hovudrolleinnehavar, om korleis han puggar replikkar ved hjelp av sirleg handskrift, og han tar oss med inn i prøvesalen og prosessen med å skape karakteren Mattis og framsyninga Fuglane. Vi snakkar også om mossedialekta, om løyndommane i språket og om det å skulle spele ein karakter som alle elskar frå ein roman og ei teaterframsyning som gjekk for 25 år sidan. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.