Ina Svenningdal om Frost, Skam og livet i Svingen
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme og humor.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Ina om livet som barneskodespelar i Linus i Svingen, om korleis det var å vakne morgonen etter at SKAM hadde blitt stort i Japan, og korleis det er å toppe spotifylistene kvar førjulstid. Vi snakkar også om kvifor groruddølen Ina er «ekspert» på Haugesund-dialekt, har ein Nordlandsbunad i skapet og kva for monolog frå tida på Det Norske Teatret ho aldri kjem til å gløyme. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.