Maja Lunde om skriveglede, språkleik og den fantastiske jula

Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy

Som forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget. I denne episoden av Språkoppdraget fortel ho om korleis språket formar karakterane ho skriv.Lunde vaks opp midt i Oslo, i ein språkleg spagat mellom aust og vest. Da ho gjekk på skolen var forholdet til nynorsken sånn passe, men i arbeidet med dramatiseringar av bøkene sine for Det Norske Teatret, har ho oppdaga gleda ved nynorsken. Kan det komme ei bok på nynorsk snart? I haust er det premiere på juleforteljinga Snøsøstera. Korleis er det å sjå figurane ein har dikta opp bli levande på ein scene? Og har du tenkt at det hadde vore kjekt å bli ein bestseljande forfattar? I denne episoden deler Maja Lunde raust av sine skrivetips! God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.