Olaug Nilssen om titlar, tabu og kjærleiken til musikalar
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira. I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor han har ein skrivefeil i tittelen, om kva det er ho elskar så høgt med filmen og musikalen Frost, og om kvifor ho slurvar med språket. Vi snakkar også om korleis det er å vere ei stemme for dei stemmelause, om korleis den litterære røysta hennar har forandra seg gjennom 25 år som forfattar, og om kva språk det er greitt å bruke når vi skal omtale store tabu.Olaug Nilssen feirar 25 år som forfattar i år, og markerer jubileet med å gi ut ein ny roman med ein skrivefeil i tittelen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.