Runar Gudnason om rap, teater og gleda ved eit godt rim
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
Runar Gudnason er kjent for mange som rappar i Side Brok, og no er språkmennesket frå heimbygda til Ivar Aasen aktuell som gjendiktar på Det Norske Teatret. Når Into the Woods kjem opp på Hovudscenen denne våren, er det i Gudnason si norske språkdrakt. I denne episoden av Språkoppdraget blir vi med han inn i ein skog og snakkar om jobben med å dikte om den samansette og referansetunge musikalen til Sondheim til norsk. Vi snakkar om nynorsk og dansk, om rap og om rim, om den gode kjensla av å finne nøkkelen til korleis ein song skal diktast om, og kor mykje lykke som finst i ei god rimordbok. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.