Sara Khorami om Kristin Lavransdotter, dubbing og livet som tospråkleg
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
Når Det Norske Teatret set opp romanverket Kristin Lavransdotter på Hovudscenen, er det skodespelar Sara Khorami som speler tittelrolla. I løpet av 8 timar maratonteater skal ho følgje Kristin frå barndom til grav. I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre korleis det er å vere ein språkleg kameleon, om å dubbe såpeopera for mormor, til sjølv å bli dubba på farsi, om skilnaden på å spele i film og teater, og om likskapen mellom språket til Sigrid Undset og farsi. Og er det eigentleg sant at «menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager»? Dette og meir får du i denne episoden av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.