Stein Torleif Bjella om ved, vers og visu
Språkoppdraget - Podcast autorstwa Det Norske Teatret - Środy
Kategorie:
Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tatt vegen i teateret for å lytte til Bjella også, for dei vonde visune hans har blitt allemannseige.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Stein Torleif Bjella om korleis det er stå på teaterscenen, korleis det er å skrive songar på bestilling på få dagars varsel og om kvifor han køyrde traktor i tre dagar frå Ål til Det Norske Teatret i sommar. Vi snakkar også om forskjellen på å skrive songar og ein roman, om Bjella sitt forhold til språk og litteratur, og korleis det er for Stein Torleif Bjella å stå på scenen når heile salen syng med på dei tekstane han har skrive om staden han kjem ifrå. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.