2 - Ivar Helleland - om Gruvene på Litlabø - del 2

SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen

Kategorie:

Gruvene på Litlabø har ei svært spennande historie. Men kor godt kjenner du til kvifor Litlabø vart ein attraktiv stad for gruvedrift? Kjenner du historia om angrepet som skjedde under krigen? Og korleis var det å veksa opp tett på gruvene? Ivar Helleland gjorde nettopp det. Og han har arbeidd der. I tillegg er han ein stor historieformidlar og gruveentusiast. I denne podkastserien får du eit unikt innblikk i gruvehistoria, og i denne episoden får du høyre del 2 om oppstarten av gruvene og tida fram mot den andre verdskrigen. Podkastane er laga i kommersielt samarbeid med Atheno som saman med Venelaget for gruvene, Sunnhordland Museum, Geopark Sunnhordland, Visit Sunnhordland og Stord kommune arbeider for å opne gruvene også for sommarturistar i 2022.