Åge Grutle - Korleis blei ein bømling ambassadør og hoffsjef?
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
I denne livepodkasten frå Bømlakonferansen 2024 møter du Åge Grutle – ein mann med omfattande internasjonal erfaring og eit unikt perspektiv på både diplomati og kongehusliv. Åge har hatt ein yrkeskarriere utanom det vanlege, med stillingar som ambassadør, hoffsjef og leiar innan norsk utanriksteneste. Han deler historier frå oppveksten, dei første stega utanfor Noreg, og ei yrkesreise prega av kulturforståing, lyttarkunst og viktige avgjerder i diplomatiske samanhengar. Lytt og bli med på ei inspirerande reise frå Bømlo ut i verda og tilbake til Grutle. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo næringsråd.