Ein konteinar full av håp – slik hjelper Stord Cuba

SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen

Kategorie:

I denne episoden møter vi Astri Valvatne Granli og Anders Dahl, som fortel om innsamlingsaksjonen kyrkja på Stord har til Cuba. Gjennom eit nært samarbeid med den lutherske kyrkja på Cuba og Nordmisjon, jobbar dei med å sende ein 40-fots konteinar full av nødvendige varer som klede, sko, syklar og møblar. Astri og Anders delar opplevingar frå turen dei hadde til Cuba i januar, der dei besøkte kyrkjer og lokalsamfunn, og fekk sjå dei store utfordringane folket der står i. Dei reflekterer over korleis det var å oppleve mangelen på mat og varer, og korleis dette har inspirert dei til å bidra vidare. I tillegg gir dei innsikt i den politiske og økonomiske situasjonen i landet, og korleis hjelpesendingar vert mottekne av både lokalbefolkninga og styresmaktene. Bli inspirert av engasjementet og høyr korleis du kan bidra til dette viktige arbeidet for å gjere ein forskjell for folk på Cuba. Vil du bidra, kan du levere ting i Kyrkjestova Fredheim i kveld (21. nov.) kl. 18–20 eller bestille henting. Du kan òg vippse til Stord sokn (124653), merk Cuba. Les meir og følg med på prosjektet ved å bli med i gruppa Hjelpesending til Cuba – våren 2025 på Facebook. Sponsor: Jarle Steinsland AS.Røyrleggar og flisleggar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom. Jarle har over 20 års erfaring, og han er den røyrleggjaren eg ringer til når noko skal fiksast heime hos oss. Han har blant anna pussa opp eit par bad og montert ein flott dusj her, så eg kan trygt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland om du treng ein dyktig røyrleggar.