Galleri Giga opnar nytt lokale – Feirar 25 år med kunstglede!
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
Galleri Giga feirar 25 år med ny inngang og oppdatert profil! I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar vi med dagleg leiar Nina Louise Langland om det hektiske innspurten fram mot opninga av dei nye lokala i Bytunet på Stord. Dette blir markert fredag 18. oktober mellom 14:00 og 17:00! Nina deler historier frå galleriets oppstart, korleis ho tok over i 2018, og gleda ved å representere 150 ulike kunstnarar. Me får høyra om utfordringane og gleda ved å driva eit nisjegalleri, og kvifor kunst er så viktig å gjere tilgjengeleg for alle. Galleriet er klart for ein ny æra – velkommen til feiring! Sponsor: Skag Profilera - skagprofilera.no Skag Profilera er eit reklame- og produksjonsbyrå med avdelingar på Stord og Husnes. Skag Profilera tilbyr eit breitt spekter av tenester innan trykksaker, design og marknadsføring, inkludert produksjon av skilt, klede med logo, bannarar og anna reklameutstyr.Med høg kompetanse og fokus på kvalitet hjelper Skag Profilera bedrifter med å styrke synlegheita og merkevara si gjennom skreddarsydde løysingar som møter individuelle behov. Stor takk til Skag Profilera for at dei ville sponse denne episoden!