Håkon den gode kongen - Bjørn Haaland og Christer Stewart Aarbø
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
Den 30.–31. august blir det framført eit heilt nytt teaterstykke i Moahagen på Fitjar. Stykket har fått namnet "Håkon den gode kongen" og det er med både profesjonelle og lokale amatørskodespelarar. - Vi har allereie bestilt godt ver, og vi har vald ein spelplass som vi veit kan vere lun og god sjølv om det kan vere litt vind. Dette blir ei strålande oppleving uansett ver, seier Bjørn Haaland til Sunnhordlandpodden. Stykket vil fenge både Fitjarbuen og tilreisande, garanterer Haaland. Christer Stewart Aarbø har vore med å skrive manus, og han fortel i podkasten om ein grundig prosess der han har dykka langt ned i alt som finst av kjelder til historia om Håkon den gode. Både kjende verk som Snorre, men og mindre kjende skrifter som Gesta Danorum, skrive av Saxo Grammaticus, ein dansk historikar. - Dette er ei unik moglegheit til å oppleve historia, med spennande forteljingar om Håkon den Gode, slaget på Fitjar og hans viktige bidrag til kristninga og lovgjevinga i Noreg. Sponsor: Fitjar Kraftlag - https://www.fitjar-kraftlag.no Fitjar Kraftlag – din lokale leverandør av straum, breiband og elbilladar. Fitjar Kraftlag bidrar også til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, forerningar og arrangement i Fitjar.