Knut Rage - om Gudeøya Tysnes, Myter og Historie
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
I denne episoden deler Knut Rage si innsikt i Tysnes si spennande fortid, fortel om bakgrunnen sin frå pocketbokbransjen og arbeidet sitt som lokalhistorikar. Knut er oppteken av å gjere historie relevant for dagens samfunn. Han brukar både tradisjonelle medium og moderne plattformer som Facebook og wikiar for å nå ut til eit breitt publikum. Sponsor: Tysnes gjev meirsmak Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.