Kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen - og Elevar frå Langeland Skule - Barn og Unges Medverknad
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
Anne Lene Østvold Jordåen fortel om eit pilotprosjekt om "Barn og unges medverknad i kommunale planprosessar". Og du får høyra ein podkast som Elevar frå Langeland Skule har laga i samband med dette prosjektet. Eining for kultur og Fagkontor plan fekk i august 2022 midlar frå Kulturtanken til gjennomføring av eit prosjekt som skulle ha fokus på barn og unge sin medverknad i kommunale planprosessar. Målet med prosjektet var å finna gode metodikkar for korleis kommunen kan skapa engasjement og inkludera barn og unge i planarbeid. Fokus var på at barn og unge skal få høve til å komma med innspel gjennom ulike kunstuttrykk. Blant anna via podkast. Dei som har arbeidd med prosjektet er heilt overvelda over engasjementet og refleksjonane til elevane. Tema som dei kom med innspel om: Der eg bur - korleis vil me ha det? Det eg likar å gjera - kva ynskjer du å fylle tida di med? Dette tek me vare på - kva vil me ha med oss inn i framtida? Vil du støtte SunnhordlandPodden? Sjekk ut: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/subscribe