Mari Pedersen Totland – om Tilfeldigheitar, Vekkflytting, Heimflytting og Konferansen Bømlab(r)u?

SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen

Kategorie:

Her får du høyre om spontane val og uventa hendingar som har ført Mari Pedersen Totland halve verda rundt, og etter kvart heim igjen. No jobbar ho med å skaffe kompetanse til næringslivet gjennom å få fleire til å flytte til Bømlo og Sunnhordland. Tilflytting er eitt av hovudtema på konferansen til næringsrådet 8. november – ikkje gå glipp av denne! I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd. Bømlo Næringsråd tel om lag 200 medlemsbedrifter frå 24 ulike næringsområde, og er ein sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt på Bømlo. Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser, skape møteplassar for bedrifter i kommunen, deltar i regionale samarbeidsfora, og koordinere samarbeid mellom skule og næringsliv.  Dei marknadsfører næringslivet og Bømlo som stad å bu, og arbeider aktivt med å tiltrekke og halde på kompetanse til næringslivet gjennom målretta nettverksaktivitetar, særleg retta mot unge og tilflyttarar i arbeidslivet. 8. november inviterer dei til konferansen Bømlab(ru) – ein konferanse om tilflytting, og det å byggje bruer mellom generasjonar, næringar og regionar – ein konferanse der alle bedrifter i Sunnhordland er velkomne. Sjekk ut: https://www.bomlonr.no/