Menn, Mental Helse og Kunst som Terapi - med Aleksander Isdal Günther og Tor Harlad Rysjedal

SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen

Kategorie:

Kunstnaren Aleksander Isdal Günther og fotografen Tor Harald Rysjedal brenn for å bruke kunsten som eit uttrykk for følelsesmessige utfordringar. Dei deler sine erfaringar med å kombinere foto og måleri for å skape sterk visuell kunst som belyser mentale helseutfordringar. Samtalen er innom tema som pillemisbruk, psykologbesøk, einsemd, og viktigheita av open samtale om vanskelege kjensler. Dei fortel og om eit nytt kunstverk - "Darkes hour". For meir info om dette kan du følge med på Instagram og Facebook. Treng du nokon å snakke med?Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og følelsar heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing. Mental Helse: 116 123 Kirkens SOS: 22 40 00 40 Her finner du flere hjelpetelefoner og chat-tjenester som kan være til hjelp når du har det vanskelig. For barn og unge:  Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 Kors på halsen (drevet av Røde Kors): 800 333 21 ⁠SnakkOmPsyken.no⁠: Chattetilbud drevet av Blå Kors Sponsor: Sunnhordland Kraftlag Dagens episode er sponsa av Sunnhordland Kraftlag som ein del av kampanjen rundt Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober. Årets kampanje oppmodar til felles innsats mot einsemd og utanforskap. Spesifikt vert alle oppfordra til å setje av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om – kvar dag. Fleire seier at dei ikkje lenger brukar telefonen til å ringe, men å høyre stemma til ein du er glad i kan bety meir enn du trur. Regelmessig kontakt kan senke terskelen for å få snakka om det som er vanskeleg. SKL ynskjer å bidra til å rette fokus mot hjelpa som finst, både profesjonelt og i våre eigne relasjonar – i dei 8 minutts samtalane.