Ranjeeta og Sveinung Aarvik - om Aarvik gard, Reiseliv og Lokalprodusert Mat
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
Aarvik gard er eit unikt reisemål som ligg i Fusa. Der kan du sove på handlaga madrasser, spise økologisk mat, og rett og slett senke skuldrene skikkeleg. I denne episoden deler Ranjeeta og Sveinung Aarvik kvifor dei ønskjer å bruke garden på denne måten, og om motivasjonen og draumane dei har for framtida. Du får høyre om urkorn, matproduksjon, utfordringar, hektiske dagar og verdien av ein møteplass. Og du får gode tips dersom du sjølv går med ein draum om å starte eit liknande prosjekt. Sjekk ut: https://www.aarvikgard.no https://www.facebook.com/fruaarvik/ https://www.instagram.com/aarvikgard Sponsor: Tysnes gjev meirsma Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida visittysnes.no finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.