Torbjørn Aga Gjøen - om Bømlo Makerspace
SunnhordlandPodden - Podcast autorstwa Kjetil Fyllingen
Kategorie:
I denne episoden får du bli litt betre kjend med Torbjørn Aga Gjøen som har ein draum, nemlig å starte opp Bømlo Makerspace. Visjonen til Bømlo Makerspace er å opprette ein arena der unge og vaksne kan komme med senka skuldrer, vere kreative, utforske nye ting, bruke verktøy dei elles ikkje har tilgang til eller berre rett å slett kunne treffe andre menneske med same interesse og dele kreativiteten sin med andre. Makerspace kan forklarast som ein folkeverkstad, skaper-rom/skapar-verkstad. Ein plass som er fylt av verktøy ogny-teknologi som 3d printere, laserkutterar og robotar, men også tradisjonelle verktøy som treverktøy, sveiseapparat,loddebo lt, symaskiner og vever. Det løftar folk opp i frå å vere forbrukarog til skape noko sjølv ved hjelp av deling av kunnskap og samvær med andre med same interesse. Ein god grobotn for kreativitet,samhørighet innovasjon og vitskap samla på ein plass. Kan vere med å forhindre attradisjonar, gammal kunnskap og kulturarv går tapt. Slå følge med Bømlo Makerspace på Instagram: https://www.instagram.com/bomlomakerspace/